Kort fortalt

Bustadprisane fall med 1,9 prosent

Meiner renta er heva for mykje.

03.11.2022
(NPK-NTB): Bustadprisane fall med 1,9 prosent frå september til oktober, viser tal frå Eiendom Norge. Dei meiner renta aukar for mykje, og at det må bli lettare å få lån.

Gjennomsnittsprisen for ein bustad i Noreg var 4.328.496 kroner ved utgangen av oktober.

– Bustadprisane fortset den svake utviklinga frå september og fall ytterlegare med 1,9 prosent i oktober. Prisfallet kjem i hovudsak av at renta har vorte sett kraftig opp gjennom året, seier administrerande direktør i Eiendom Norge, Henning Lauridsen, i ei pressemelding.

Eiendom Norge meiner renta har vorte heva for mykje.

– Følgjer Noregs Bank rentebanen vil renteutgiftene i hushalda ha om lag dobla seg gjennom 2022. Utviklinga i september og oktober illustrerer kor rentesensitivt den norske bustadmarknaden er, og vi vil be Noregs Bank om å gå meir varsamt fram heretter, seier Lauridsen.

Korrigert for sesongvariasjonar var det ein nedgang i bustadprisane på 0,8 prosent. Eiendom Norge ventar at utviklinga held fram i same retning ut året. Hittil i år har bustadprisane stige med 4,7 prosent.

– Det er ikkje usannsynleg at bustadprisutviklinga i Noreg i 2022 vil ende rundt 0 prosent, seier Lauridsen.

Eiendom Norge påpeikar at regjeringa snart skal ta fleire avgjerder som har noko å seie for bustadkjøparar. Finansdepartementet skal vurdere utlånsforskrifta før nyttår, Noregs Bank har det siste rentemøtet i år i midten av desember, og ei ny finansavtalelov trer i kraft 1. januar.

Eiendom Norge meiner regjeringa bør avskaffe utlånsforskrifta frå nyttår. Her står det mellom anna at bankar ikkje skal gi lån viss den samla gjelda til kunden overstig fem gonger årsinntekta.

– Å halde oppe streng utlånsregulering på toppen av såpass høg rente er noko som aldri er prøvd tidlegare. Det er eit eksperiment med bustadmarknaden og finansiell stabilitet, seier Lauridsen.

Publisert: 03.11.2022 12:22

Sist oppdatert: 03.11.2022 12:25

Mer om