Kort fortalt

Bustadsalet stuper

Salet av nye bustader på sitt lågaste på ni år.

25.10.2022

Ikkje sidan 2013 har salet av nye bustader vore så lågt som no, ifølgje ein rapport. Nedgangen er kraftig frå same periode i fjor.

I rapporten Econ Nye Boliger kjem det fram at det sidan midten av august i år er seld 1.801 nye bustader, skriv Dagens Næringsliv.

Det er 5 prosent lågare enn førre periode på to månader – og 48 prosent ned frå same periode i fjor.

– Du har renteaukane som svekkjer betalingsevna til kjøparane, i tillegg til inflasjon, svakare konjunkturutsikter og fallande bustadprisar, seier sjeføkonom Andreas Benedictow i Samfunnsøkonomisk analyse.

Publisert: 25.10.2022 08:44

Sist oppdatert: 25.10.2022 08:45