NPK-NTB: Felleskjøpet Agris butikkar sel stadig meir klede til byfolk. Mellom anna har dei selt nesten 16.000 caps det siste året. Det er 5.000 fleire enn i fjor.
Veksten i klessalet kjem først og fremst frå nye produkt som undertøy, sokkar, pyjamasar og liknande, skriv Aftenposten/E24.
I alt er det snakk om meir enn ei fordobling, frå rundt 25.000 enkeltvarer i 2019 til over 65.000 i år. Sjølv om det meste av arbeidstøyet hos Felleskjøpet blir kjøpt av bønder, merkar samvirkebedrifta at dei har fått ein posisjon i urbane delar av landet.
– Eg trur det handlar om at klede frå Felleskjøpet byggjer identitet og tilhøyrsel, uavhengig av om du bur i by eller bygd, seier konsernsjef Svenn Ivar Fure i Felleskjøpet Agri.
Trendforskar og sosialantropolog Gunn-Helen Øye seier ho synest det er morosamt at ei merkevare frå landbruket har skapt ein trend i urbane strøk.
– Det har ikkje vore omvendt, slik det ofte er med trendar, seier ho.
Ifølgje Landbruksdirektoratet er det for tida rundt 37.000 aktive gardsbruk her i landet.
Publisert: 20.12.2021 08:30
Sist oppdatert: 20.12.2021 08:43