Kort fortalt

Bygdefolket tek over butikk

Leikong kan få butikk før jul.

04.11.2022

Eit lokalt initiativ under namnet «Leikong Handelslag» har gjennom avtale med Coop Nordvest SA blitt samde om overtaking av dei tidlegare butikklokala på Leikong.

Det skriv lokalavisa Vestlandsnytt.

Overtaking blir så raskt som mogleg og lokalt håpar dei å ha butikk i bygda igjen før jul.

– Vi håpar og trur at bygget vil vere til glede for bygda også framover, og at vi gjennom denne avtalen har gitt eit positivt bidrag i denne prosessen. Vi har hatt ein ryddig og god dialog med den lokale grupperinga, og ønskjer dei lykke til med nye etableringar og bruk av lokala framover, seier eigedomsdirektør i Coop Nordvest, Lars Ove Valaas-Breivik i ei pressemelding.

I august vart la Coop ned nærbutikken på Leikong, i tillegg til Coop sine butikkar i Tjørvåg og på Larsnes.

Publisert: 04.11.2022 14:03

Sist oppdatert: 04.11.2022 14:06

Mer om