Sunnmøre tingrett opna tysdag konkurs i selskapet Haga Gruppen med adresse på Valderøya.
Selskapet som blei starta halvvegs i 2023 har hatt negativ eigenkapital frå første rekneskapsår. Firmaet hadde fem årsverk i arbeid i fjor.
Verksemda i byggefirmaet er no innstilt.
Kring 1,3 millioner i skattekrav
Det er Skatteetaten som bad om konkurs i selskapet som skuldar kring 1,3 millionar kroner i moms, arbeidsgivaravgift og forskotstrekk, ifølgje avgjerda frå tingretten.
Innehavaren opplyste til retten at det var lite verdiar i selskapet, men at dei hadde ei uteståande fordring til ein kunde på kring 235.000 kroner.
Bustyrar i saka er Axel Villads Lange og første skiftesamling er planlagt 20. oktober.
Tok grep for å betre drifta
I 2024 leverte dei ei omsetning på drygt ni millionar, men resultatet gjekk i minus.
Styret skriv i årsmeldinga for 2024 at det vart teke teke grep for å redusere kostnader og andre tiltak for å betre drifta.
Dei venta då mange oppdrag framover, og at inntektene ville auke. Saman med god kostnadskontroll venta leiinga at ein kunne drive økonomisk forsvarleg framover, og skape overskot.
Publisert: 17.09.2025 12:35
Sist oppdatert: 17.09.2025 13:29






