rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Byggefirma konkurs etter krav frå tilsett

Hadde ikkje fått løn på fleire månader.

Marius Rosbach
07.01.2025

Møre og Romsdal tingrett opna tysdag konkurs i selskapet Sigis Bygg i Ålesund.

Bakgrunnen var krav frå ein tilsett om uteståande løn på kring 143.000 kroner, ifølgje rettspapira. 

Vedkomande skal ikkje ha fått løn på fleire månader og hadde ikkje fått betaling for ei periode i permisjon. Selskapet erkjente at dei skulde pengane, og motsette seg ikkje konkursen. 

Verksemda er innstilt og har éin tilsett i tillegg til dagleg leiar. 

Retten fekk opplyst at byggefirmaet skal ha ei gjeld på kring éin millionar og verdiar for mindre enn 100.000 kroner. 

Sigis Bygg blei starta i 2017 og omsette for kring 5,4 millionar i toppåret 2023. Same år hadde selskapet sysselsett sju årsverk.

Eigenkapitalen har vore negativ i fleire år, men det er ikkje omtala i den siste årsmeldinga frå 2023. 

Publisert: 07.01.2025 17:10

Sist oppdatert: 07.01.2025 17:10

Mer om