Det vart opna konkurs i 157 selskap i dei 20 kommunane NETT NO dekker på Nordvestlandet i 2024.
Det er berre to fleire enn året før, ifølgje tal Nett No har henta inn frå Brønnøysundregistera.
Det betyr at konkursauken i regionen har stoppa opp, etter to år med kraftig vekst.
- Klikk på kommunenamna under saka for å sjå kva selskap gjekk over ende i 2024
Nett No dekker 20 kommunar på Nordvestlandet. Det inkluderer Sunnmøre, Nordfjord (Kinn, Gloppen, Stryn og Stad) i tillegg til Molde, Rauma og Vestnes i Romsdal.
Frå 2021 til 2022 auka talet på konkursar med 35 prosent. Frå 2022 til 2023 var auken på nye 35 prosent. Bakgrunnen for auken i desse åra, var at tala hadde vore kunstig låge under koronapandemien.
For heile landet steig talet på konkursar med fem prosent frå 2023 til 2024, ifølgje tal frå Fair Collection.
Ein av tre konkursar i bygg- og anlegg
At bygg- og anleggsbransjen på Nordvestlandet vart mellom dei som blei hardast råka av konkursar også i 2024, er felles frå tidlegare år.
Kring ein tredel av selskapa som hadde gått over ende i Møre og Romsdal høyrde til desse næringane, skreiv Nett No i midten av november.
Bygg- og anleggsbransjen har vore på toppen av konkursstatistikken dei siste åra. I løpet av 2024 sank bygginga av nye bustader til det lågaste nivået i etterkrigstida, som bidrog til å forsterke problema.
Fleire kjem i negativ spiral
Ifølgje ei bransjeanalyse frå BDO som kom på slutten av 2024, er det få teikn til at aktiviteten vil ta seg opp på kort sikt.
BDO sin bransjeekspert, Trond Sotnakk, meinte det ikkje vil lysne før mot slutten av 2025.
Sterkare konkurranse på pris er med på å drive mange inn i ein negativ spiral, med svekka marginar. Heile 17 prosent av bransjeaktørane svara at dei frykta konkurs i løpet av det neste året, då BDO gjorde ei undersøking i haust.

Meir etablerte firma går konkurs
Medan det tidlegare gjerne var nystarta selskap med lite omsetning som enda i skifteretten frå bygg- og anleggsbransjen, er det no fleire meir etablerte firma som går over ende.
Eitt eksempel er Boligbygg Møre som melde oppbod med skyhøg gjeld i februar. Selskapet hadde då drive med oppføring av bustadar sidan starten av 1990-talet.
Entreprenørbedrifta Hole Maskiner i Sykkylven vart óg ein del av statistikken etter meir enn 70 år i bransjen.
Varehandel også hardt råka
Varehandel er ein anna bransje som blei hardt råka av konkursar på Nordvestlandet i løpet av 2024.
23 tilsette missa jobbane sine og fire More Woman-butikkar stengde dørene, etter at fire selskap - mellom anna Møre Konfeksjon melde oppbod i vinter. Dermed var det slutt på den nær 70 år lange historia til kle- og tekstilbedrifta med base i Volda.
Forsøket til Skandi i Ålesund på å drive netthandel kombinert med ein fysisk butikk for skandinaviske kle, møblar og interiør, enda også med konkurs og milliontap.
Punktum for 91 år lang møbelhistorie
Trenden med at fleire godt etablerte selskap kastar inn handkleet, gjer seg også gjeldande i andre bransjar.
Då Møre og Romsdal tingrett tok buet i Sitwell As opp til slutning i desember, sette det sluttstrek for ein 91 år lang møbelhistorie.
I tenesteytande næring melde Tinde Design & Trykk i Ulstein oppbod etter å ha vore i drift i nær 40 år.
Hjørungavåg Transport i Hareid vart også slått konkurs etter meir enn 30 år på vegen.

31 missa jobben i Prodtex-konkurs
Den mest overraskande konkursen i løpet av fjoråret var kanskje Prodtex Industri i Vanylven.
Verksemda som har laga fleire bruer for Statens vegvesen, gjekk over ende etter å ha satsa på oppdrag med store stålmerdar til oppdrett.
Resultatet blei at 31 tilsette mista jobbane sine og verksemda på Fiskåholmen innstilt i sommar. Konkursarbeidet er ikkje ferdig, og i haust blei det meldt at fleire var interesserte i verdiane i buet.
Årets slutta med bubilkonkursar
Slutten på året blei prega av fleire konkursar i bubilkjeda Tellus.
20 tilsette missa arbeidet då Malmefjorden-avdelinga melde oppbod, og 14 stod utan jobb då Tellus Sunnmøre på Ørskog blei lagt ned.
Rett før jul blei det kjent at stryningen Jan Egil Flo stod i spissen for ei gruppe som har kjøpt eigedelane i dei konkursråka Tellus-selskapa, og vil prøve å berge vidare drift i flest mogleg av desse.
- Klikk på kommunenamna under for å sjå kva selskap gjekk over ende i 2024
Publisert: 03.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 03.01.2025 00:17