Byggefirma melde oppbod
Verksemda er selt til Christie & Opsahl.
Byggefirmaet Handverksbygg i Ulstein har meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett som har opna konkurs i selskapet.
Ifølgje rettspapira var det kring 116.000 kroner i gjeld og drygt 50.000 kroner i verdiar i selskapet.
Eigenkapitalen var i minus ved utløpet av fjoråret, men styret meinte likevel det var grunnlag for vidare drift, så lenge det ikkje skjedde for kreditor si rekninga.
Handverksbygg omsette for meir enn 18 millionar kroner i 2021 og hadde då 12 årsverk.
Same år blei det bestemt at alle dei 15 tilsette og driftsmidlar i løpet av 2022 skulle overtakast av Christie & Opsahl.
Handverksbygg blei etablert i 1999 og har hatt svak lønnsemd dei siste ti åra.
Publisert: 15.11.2023 15:51
Sist oppdatert: 15.11.2023 15:51