Overtar byggefirma i Ulstein
15 tilsette får tilbod om ny arbeidsgivar i Molde-selskap som satsar på søre Sunnmøre.
Christie & Opsahl overtek alle tilsette og driftsmidlar i Ulstein-selskapet Handverksbygg, ifølgje ei pressemelding sendt ut fredag.
Avtalen blir gjennomført som ei verksemdoverdraging frå mars neste år.
Tilbod om vidare jobb
Dei 15 tilsette i Handverksbygg for tilbod om ny jobb hos Christie & Opsahl, og fekk vite om avtalen under eit informasjonsmøte torsdag.
Fram til mars neste år vil Ulstein-selskapet avslutte prosjekt og gradvis vil arbeidsstokken bli overført til ny arbeidsgivar
Handverksbygg blei etablert i 1999 og har for nokre år sidan omsett for meir enn 30 millionar årleg. Dei siste fem åra har lønnsemda vore svak og eigenkapitalen var negativ ved utløpet av fjoråret, ifølgje årsrekneskapen.
Satsar på søre Sunnmøre
Christie & Opsahl etablerte seg med kontor i Ørsta ved årsskiftet, og har vunne fleire kontraktar. Mellom anna skal dei bygge den nye symjehallen i Volda.
Med dei Handverksbygg-tilsette vil Christie & Opsahl vere 18 tilsette på søre Sunnmøre, ein marknad dei ser på som strategisk spennande, ifølgje meldinga.
Hovudkontoret, lager og verkstad ligg i Molde, medan selskapet også har avdelingar i Ålesund og på Åndalsnes. Totalt har selskapet 145 medarbeidarar og omsette i fjor for meir enn 400 millionar.
Publisert: 03.12.2021 13:07
Sist oppdatert: 03.12.2021 13:13