Kort fortalt

Bygger fabrikk for grøn ammoniakk

Gulen-satsing skal bli Europas første i sitt slag.

Marius Rosbach
13.03.2023

(NPK): Skiga As har i dag presentert planane for bygging av ein ny, grøn ammoniakkfabrikk i Skipavika i Gulen i Vestland fylke. Fabrikken skal stå ferdig i 2026.

Den blir Europas første fullskala-anlegg for produksjon av utsleppsfri ammoniakk.

– Skipavika er perfekt lokalisert for å skape ny, grøn industri og nye arbeidsplassar. Klimaeffekten frå anlegget svarer omtrent til 30 prosent av CO2-utsleppa frå heile Bergen, seier Cornel Russi i Skiga, i ei pressemelding.

Fabrikken i Skipavika er ei milliardinvestering som skaper 50 kompetansearbeidsplassar lokalt. Produksjonen vil vere 100.000 tonn utsleppsfri ammoniakk i året.

Prosjektet som måndag vart presentert på eit møte i Skipavika for ordførar Hallvard Oppedal (Sp) i Gulen kommune og fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland fylke blir positivt motteke.

– Planane til SkiGA er svært spennande fordi det gir nye arbeidsplassar og lokal verdiskaping, men også fordi grøn ammoniakk er ein føresetnad for det grøne skiftet og kutt i klimagassutslepp, seier Oppedal og Askeland.

(©NPK)

Publisert: 13.03.2023 15:58

Sist oppdatert: 13.03.2023 16:01

Mer om