Kort fortalt

Byggestopp set mange bustader på vent

Ålesund-firma fortvilar over Sula-stans.

08.02.2023

Byggestopp i Sula kommune kan stoppe eller pause bygginga av meir enn hundre bueiningar i kommunen, ifølgje det Sunnmørsposten erfarer.

Årsaka til situasjonen er at kommunen har problem med manglande reinsing av avløpsvatn, og dermed ikkje kan godkjenne byggeløyver, skriv avisa.

Byggestansen får mellom anna konsekvensar for arkitekt- og ingeniørkontoret Proess med 11 tilsette.

– Dette er full krise for kommunen, og ikkje minst svært krevjande for utbyggarar og kundane deira. Mange aktørar har lagt ned store ressursar i planlegging av byggeprosjekt som no blir stoppa, seier dagleg leiar Sindre Øen i selskapet til avisa.

Publisert: 08.02.2023 09:48

Sist oppdatert: 14.03.2024 17:42

Mer om