Byggjer mellombels Voksa-kai
Denne veka starta Møre og Romsdal fylkeskommune arbeidet med å bygge ei mellombels kai på øya Voksa i Sande kommune.
Dette er forarbeid i prosjektet med å utbetre dei fire ferjekaiene i sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya, vert det opplyst i ei pressemelding.
Torsdag 4. mai var det anbodsopning, og i rekkefølgjekravet i utlysingsentreprisen er det ferjekaia på Voksa som skal byggast først.
Prosjektleiar i fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hans Rune Paulsen, fortel at den mellombelse kaia på Voksa må vere ferdig til sommaren.
– På Voksa skal den gamle ferjekaia rivast, og her skal også ferjetrafikken gå som normalt medan den nye ferjekaia blir bygd. Derfor må vi no bygge ei mellombels kai, seier Paulsen.
Arbeidet som no skal gjerast med kaia på Voksa skal ikkje påverke trafikken eller ferjeavgangane, men prosjektleiaren oppmodar likevel publikum til å vere merksame på anleggsarbeidet.
Rute 1066 Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya i kommunane Sande og Vanylven er ein del av rutepakke «Ytre Sunnmøre 2021–2031». Frå 1. januar 2025 kjem det ei ny og større ferje i sambandet.
Dei fire ferjekaiene er gamle, tilpassa eldre ferjer og er i dårleg forfatning. Det er derfor naudsynt å bygge nye kaier for at det framleis skal kunne vere ferjedrift i sambandet. Når kaiene blir bygd vert dei samstundes tilpassa til å kunne ta imot større og nyare ferje.
Paulsen fortel at også på Kvamsøy skal ferjetrafikken i all hovudsak gå som normalt medan arbeidet går føre seg.
– Dagens kai skal bestå, men den skal mellom anna forlengast. Brubåsen vil bli utvida i breidda, og det skal gjerast noko mudringsarbeid ved kaia, seier han.
Det vil vere lengre stengeperiodar på Larsnes medan denne kaia blir utbetra. Her skal det oppførast ei ny tilleggskai og ein stor del av eksisterande installasjonar skal rivast.
Mange har ytra ønske om at ferja då skal gå til Årvika i staden. Løysing for ei eventuell mellombels oppstilling her, er ikkje avklart enno.
Paulsen fortel at arbeid på Åram ferjekai mellom anna vil omfatte breiddeutviding av brubåsen, ei mindre lengdeutviding av tilleggskaia samt mudring.
– Ferjekaia vil i hovudsak vere stengd for trafikk i anleggsperioden, og passasjerane må då reise via sambandet Årvika–Koparnes, seier han.
I anbodsutlysinga er arbeidet med Åram ferjekai tatt med som ein opsjon. Kor vidt fylkeskommunen skal løyse ut denne opsjonen vil bli politisk handsama i fylkestinget i desember 2023.
Paulsen fortel at prosjektet har fått inn fire tilbod som no skal evaluerast.
– Vi tek sikte på å ha ei innstilling til tildeling av kontrakt i veke 20, men dette kjem an på politisk godkjenning.
Tildeling av kontrakt vil bli handsama i fylkestinget 19. juni, så ei kontraktsignering vil først skje etter dette.
Prosjektleiaren seier at dei håpar å vere i gang med arbeidet rett over fellesferien i år.
– Det er eit omfattande arbeid å utbetre og bygge om dei gamle ferjekaiene slik at dei tilfredsstiller dagens krav til standard og sikkerheit. Vi treng tida fram til ny ferje kjem 1. januar 2025, avsluttar han.
Publisert: 10.05.2023 16:02
Sist oppdatert: 10.05.2023 16:02