Brødrene Aa JUL 6
NY DRIFT: Tor Øyvin Aa er fungerande dagleg leiar i det nye verftsselskapet i Hyen. Målet til Aa-familien er å vere i gang med ny drift her innan kort tid. Foto: Marius rosbach
Nytt

Tapte store summar i verftskonkurs

Brødrene Aa legg alt utviklingsarbeid på is framover.

Marius Rosbach
29.10.2025

Kort tid etter det blei kjent at familien Aa går inn med 30 millionar for å sikre drift i eit nytt verftselskap, viser 2024-rekneskapen for morselskapet store tap som følgje av konkursen i mai.

I rekneskapen til Brødrene Aa Eiendom som nyleg blei offentleg, blir det opplyst at selskapet har gjort ei nedskriving på lån til verftselskapet på 20 millionar. Det er også skrive ned aksjeverdiar på 12,8 millionar. 

Det utgjer samla tap på 32,8 millionar kroner. Både investeringa og lånet til driftsselskapet er skrive ned til null. 

Underskotet før skatt vart på 28,5 millionar. Det vert ikkje lagt fram konsernrekneskap grunna konkursen (sjå tabell under).

Brødrene Aa Eiendom AS 
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt10,59,4
Driftsresultat3,03,6
Resultat før skatt-28,64,5

Legg utviklingsarbeid på is
Nordfjord-verftet har vore mellom dei fremste til å flytte grensene i marknaden for hurtigbåtar.  

Verftet har opp gjennom åra gjennomført ei rekke utviklingsprosjekt i samband med nye båtkonsept, utstyrsutvikling og bruk av kompositt som materiale. 

Dei seinare åra har dei jobba med å redusere Co2-utsleppa frå båtane ved hjelp av el-drift og andre energiøkonomiske skrog. 

Dette arbeidet blir lagt på is på kort og mellomlang sikt, skriv styret i årsmeldinga.

Trur på ny drift
– Eg er ikkje i tvil i det heile tatt, sa Tor Øivind Aa nyleg til Nett no om utsiktane for ny drift ved anlegget i Hyen. 

Styre meiner også det er gode utsikter til ny drift i Hyen. Det blir opplyst at drifta i dei andre selskapa i konsernet gir god nok inntening til å dekke renter og avdrag. 

Dei har også motteke interesse frå andre partar om eit mogleg sal av delar av eigedomen. 

Tilført kapital for å investere i Eikefjord
I årsrekneskapen for eigedomsselskapet skriv styret at dei vidare har fått tilført kapital frå eigarane for å investere i det nye selskapet Eikefjord Slipp. I sommar er det starta ny verksemd ved dette anlegget. 

Dei ser på likviditeten som god – og har ikkje leverandørgjeld eller renter og avdrag som er gått til forfall og ikkje betalt, skriv styret i rekneskapen datert 23. oktober. 

Brødrene Aa JUL 5
HYEN: Familien Aa jobber med å starte opp ny drift ved anlegget i Hyen i Gloppen kommune. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 29.10.2025 13:11

Sist oppdatert: 29.10.2025 16:37

Mer om