Cinderella montasje produksjon Gunhild Sjovik foto Cinderella
4. GENERASJON: Gunhild Sjøvik er 4. generasjon i Sjøvik-konsernet og leiar Cinderella Eco Group. Selskapet lagar toalett som ikkje treng vatn eller avløp. Foto: Cinderella Eco Group
Nytt

Toalett-idé blei til vekstselskap

Sjøvik-selskapet har vore gjennom berg- og dalbaneår. No er det lønnsam vekst i sikte.

Marius Rosbach
30.10.2025

Det var ikkje sjølvsagt at Sjøvik Group skulle drive med forbrenningstoalett. Då faren til Gunhild Sjøvik på midten av 1990-talet fekk presentert fleire idear til kva anna familien kunne gjere enn fiskeri, var fleire alternativ på bordet. 

Resultatet vart Cinderella Eco Group etter valet falt på ei toalettløysing som ikkje treng vatn og avløp – og dermed kan nyttast nerast kvar som helst.  

– Det blei teke utbytte frå fiskeriverksemda for å finansiere satsinga. Etter at det var brukt nokre millionar på å utvikle prototype, blei det sett i produksjon i 1997, fortel Sjøvik.

– Marknaden responderte med ein gong, legg ho til. 

Under Robotek-seminaret i Brattvåg torsdag skal Sjøvik fortelje om reisa frå den gong – og ikkje minst dei siste åra. 

Koronaboom og katastrofeår
Cinderella-selskapa vore gjennom ei utvikling ein trygt kan samanlikne med ein real berg- og dalbane. I åra før koronapandemien hadde pilane peika jamt opp for omsetninga og rekneskapa vis overskott. 

Så tok det av. Frå 2019 til 2021 skaut omsetninga i veret frå 172 til 293 millionar kroner. 

– I tida etter pandemien opplevde vi eit vakuum, samtidig som vi gjorde store investeringar. 2023 blei eit katastrofeår, seier Sjøvik. 

Cinderella dohus midsundtrappene foto cinderella
UTANFOR ALLVARVEG: Dei siste åra har Cinderella Eco Group mellom anna marknadsført seg som leverandør til tv-programmet Eventyrlig Oppussing. Her ei eit dohus på toppen av Midsundtrappene. Foto: Cinderella

Planlegg for lønsam vekst
Rekneskapa for 2024 viser at drifta var tilbake i balanse, men året enda med eit underskot før skatt.

– Vi er i ferd med å bli lønnsame igjen, og vil helst ha ein resultatmargin på minimum 10-15 prosent. Volum er viktig, men det må ikkje gå på bekostning av lønsemda. No er vi rigga for vekst, legg ho til. 

Mellom anna ventar dei effekt av satsingar mot den Nord-Amerikanske marknaden. Prognosen for 2025 viser at driftsinntektene for konsernet i år vil ende på drygt 230 millionar.

Cinderella Eco Group AS 
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt219,6224,4
Driftsresultat-0,6-27,2
Resultat før skatt-2,8-22,5

Spesialløysing for transportbransjen
Mange forbinder nok forbrenningstoaletta til Cinderella med hytteliv. Det er framleis størst, men dei siste åra har produkta funne nye marknader. 

– Sjølv om vi hadde ein tøff periode i etterkant av pandemien, held vi fram utviklingsarbeidet, samtidig som vi jobba med kompetansen og heile verdikjeda for å gjere oss meir robuste, seier Sjøvik. 

Cinderella fabrikk Lyngen foto Cinderella
NY FABRIKK I FJOR: Produksjonen til Cinderella-konsernet skjer i Lyngen i Troms. I 2023 stod en ny fabrikk klar ved Furuflaten Industripark. foto: Cinderella

Resultatet har mellom anna blitt ein modell spesiallaga for transportbransjen. Med fleire kvinnlege yrkessjåførar er det blitt eit større behov – samtidig gir auke av bubilar det meir utfordrande for sjåførane når «naturen kallar» langs vegen. 

– Vi har óg utvikla eit slags beredskapstoalett som vil vere interessant for forsvarsindustri og det sivile samfunnet ellers. Det kan gjelde alt frå beredskap ved militære angrep, til miljøkatastrofer, seier Sjøvik.

Cinderella-toaletta blir også nytta til alt frå lokomotiv – som dei er sertifisert for – til vindmølleparkar, arbeidsbrakker og forsvarsindustrien.

Opna ny fabrikk i fjor
Konsernet har hovudkontor i Molde og folk i arbeid både i Oslo, Bergen, Sveits og Sverige. Toaletta blir produsert i Lyngen i Troms, der dei i fjor opna ein ny fabrikk til ein prislapp på kring 70 millionar. 

– I dag er vi kring 60 personar i heile konsernet. Produksjon, sal og teknologi med patentar, er samla i ulike selskap, fortel Sjøvik. 

I desse dagar jobbar dei også med å etablere ei serviceavdeling i Molde der det i første omgang skal tilsettast ein teknikar. 

– Vi har sikra oss ein lokalitet ved Kviltorp i Molde som er lett tilgjengeleg og synleg. Vi håpar å kunne utvikle det vidare, seier ho. 

Publisert: 30.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 01.12.2025 08:12

Mer om