Kort fortalt

Byggjevarer trakk ned detaljhandelen

Tilbake til normale nivå.

26.08.2022

(NPK-NTB): Omsetninga i detaljhandelen gjekk ned 2,1 prosent frå juni til juli i år. Byggjevare og daglegvare bidrog mest til nedgangen i juli, viser nye tal.

Ifølgje tala frå Statistisk sentralbyrå ( SSB ) var det brei nedgang for heile detaljhandelen. Omsetninga i butikkar med andre hushaldsvarer hadde størst nedgang med heile 6,6 prosent frå juni til juli.

– Nedgangen i detaljhandelen er brei, men butikkar med sal av byggjevarer bidrog i juli mest til nedgangen for detaljhandelen i alt, seier Marius Bergh, seniorrådgivar i SSB.

Samtidig auka byggjevareprisane med 6,2 prosent siste månad og 8,5 prosent dei siste 12 månader.

Nedgang i fleire månader
For daglegvarebutikkar var det ein reduksjon i omsetninga med 1,6 prosent i juli. Med unntak av i juni har det vore nedgang i denne næringa i fleire månader.

– Sal av daglegvarer har sokke i takt med gjenopninga av samfunnet. Nedgangen kan også sjåast i samanheng med ein historisk høg prisvekst på matvarer og alkoholfrie drikkevarer, seier Bergh.

Tilbake til normale nivå
Også for dei andre næringane i detaljhandelen har det vore nedgang. For «butikkhandel med nærings- og nytelsesmidler i spesialforretningar» var nedgangen på 2,6 prosent frå juni til juli.

Ifølgje SSB er dei sesongjusterte omsetningstala for detaljhandelen i alt 2,2 prosent høgare i juli 2022 samanlikna med februar 2020.

– Detaljhandelen samla sett er tilbake til normale nivå, sjølv om det er ein del svingingar som følgje av mellom anna ustabile verdsmarknader og høg prisvekst, skriv SSB.

(©NPK)

Publisert: 26.08.2022 11:25

Sist oppdatert: 26.08.2022 11:27

Mer om