Byter straumleverandør for sjeldan
Det meiner i alle fall Forbrukarrådet.
Halvparten av dei spurde seier det er meir enn to år sidan sist dei bytte straumavtale. No gjer Forbrukarrådet det enklare å sjekke om du betaler meir enn du må for straumen.
I ei undersøking Norstat har utført for Forbrukarrådet seier 29 prosent seier det er meir enn to år sidan dei sist bytt straumavtale, medan 15 prosent seier at dei aldri har bytt. Mange av desse betaler truleg meir for straumen enn dei må.
– Det er store forskjellar i påslaga til straumsalselskapa. Sjølv om forbrukaren ikkje får gjort så mykje med sjølve straumprisen, kan det vere gode pengar å spare ved å byte til ein betre og billigare avtale, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket i ei pressemelding
For å gjere det enklare å sjekke avtalen din lanserer Forbrukarrådet no «fakturasjekken», der du enkelt får opp om du betaler unødvendig mykje for straumen. Alt du treng å gjere er å finne fram siste faktura og leggje inn postnummer, forbruk og kostnad.
I Forbrukarrådets undersøking oppgir 45 prosent av dei som ikkje har bytt avtale dei tre siste åra at dei er nøgde med den avtalen dei har, 29 prosent meiner at det er lite å spare og 23 prosent oppgir at dei likar å ha ein fast leverandør. Forbrukarrådet fryktar at mange betaler dyrt for lojaliteten til straumselskapet.
– Med rekordhøge straumprisar kan påslaget til selskapa kan opplevast som ein drope i havet, samtidig kan det vere mykje å spare, spesielt viss du sit på dei dyraste avtalane, eller har takka ja til tilbod med variable prisar, seier Inger Lise Blyverket.
Publisert: 15.06.2022 09:57
Sist oppdatert: 15.06.2022 09:58