Kort fortalt

Bøndene seier nei til forhandlingar

Aksepterer ikkje tilbodet frå staten.

06.05.2021

(NPK-NTB-NETT.NO): Bøndene aksepterer ikkje tilbodet frå staten i jordbruksoppgjeret og vil ikkje starte forhandlingar. Det kom fram under ein pressekonferanse om jordbruksoppgjeret torsdag ettermiddag.

– Eg er skuffa, sa landbruk- og matminister Olaug Bollestad då ho innleia konferansen, og meinte det var trist at ikkje bøndene var villige til å sjå på moglegheitene til å kome til ein avtale.

– Dette er ein tapt moglegheit til å betre økonomien for norske bønder, la statsråden til.

Tysdag la staten fram tilbodet sitt i jordbruksoppgjeret. Ramma for tilbodet er på rundt 900 millionar kroner. Det er langt mindre enn kravet frå bøndene, som er på 2,1 milliardar kroner.

Bøndene aksepterer difor ikkje tilbodet frå staten – og vil ikkje starte forhandlingar.

Etter at staten la fram tilbodet sitt, sa leiaren i Norges Bondelag at tilbodet var urovekkjande lågt og utan anerkjenning av den tøffe økonomiske situasjonen i landbruket.

Publisert: 06.05.2021 16:26

Sist oppdatert: 06.05.2021 16:39

Mer om