Bøndene skal få inntektsløft
Ap og Sp samde om å tette inntektsgapet.
Den påtroppande regjeringa vil leggje fram ein tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre samfunnsgrupper.
Det går fram av ein lekkasje frå regjeringsplattforma til Nationen. Avisa har fått tilgang til dei mest sentrale punkta om jordbruk og sjølvforsyning med mat.
Der skriv Ap-Sp-regjeringa at ho vil «leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet». Dei skal òg sikre «riktig talgrunnlag for jordbruksoppgjeret».
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner dette er eit sterkt signal og seier ein må tilbake til 70-talet for å finne liknande løfte til bøndene.
– Det at det skal vere ein tidfesta og forpliktande plan og ei opptrapping, det er aldri brukt i ei regjeringsplattform før. Det har aldri vore noko i nærleiken eingong. Dette er veldig tydeleg og forpliktande, seier han til avisa.
I eit anna punkt i plattforma blir det lova ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske ressursar, med mål om ei sjølvforsyningsgrad på 50 prosent.
Den nye regjeringa vil òg «sikre importvernet for norsk jordbruk, blant anna gjennom val mellom prosent- og kronetoll, og sørgje for at importvernet ikkje blir svekt når ein inngår nye handelsavtalar».
Publisert: 13.10.2021 10:42
Sist oppdatert: 13.10.2021 10:43