Indre Haroy Salmon Evolution edit
PÅ LAND: Salmon Evolution driv landbasert lakseoppdrett i Indre Harøy på Romsdalskysten. Selskapet har nyleg sett ut den første smolten i andre byggesteg av anlegget. Foto: Salmon Evolution
Kort fortalt

Børsdagen: Kursfall for Salmon Evolution

Ned over åtte prosent etter kapitalutviding i natt.

29.04.2026

Det landbaserte oppdrettsselskapet Salmon Evolution henta inn 411,3 millionar i ny eigenkapital til 4,50 kroner aksjen i går kveld og natt. 

Då børsen opna i dag fall kursen over åtte prosent samanlikna med sluttkursen på 5,06 kroner aksjen i går.  Bortsett frå ein kort periode i månadskiftet februar/mars har Salmon Evolution aldri vore lågare verdsett enn 4,50 kroner aksjen. Botnrekorden er 4,25 kroner aksjen.

Klokka 09:10 er kursen 4,64 kroner.

Salmon Evolution planlegg ei kapitalutviding der alle som eigde aksjar i oppdrettselskapet i går kan få vere med, slik at dei kan redusere utvatninga sav sin eigarandel som emisjonen i natt inneber. Den såkalla reparasjonsemisjonen skal vere på inntil 50 millionar kroner. 

For eit ein slik emeisjon skal ha noko meining for investorane må aksjekursne til selskapet vere høgare enn 4,50 kroner aksjen. Fell den under det nivået er det billegare for dei å kjøpe aksjar over børs.

I ei oppdatering om korleis det gikk i første kvartal fortel selskapet at det hadde ei driftsinntekt på 152 millionar kroner og eit driftsresultat på minus 11 millionar kroner. Kvar lkas kosta 72,6 kroner per kilo å drette opp - før finanskostnadar.

Selskapet skal legge fram kvartalsrapport for første kvartal onsdag 6. mai.

Artikkelen blir oppdatert, mellom anna med aksjekursar for selskap på Nordvestlandet, etter at Oslo Børs stenger i ettermiddag. 

Publisert: 29.04.2026 09:21

Sist oppdatert: 29.04.2026 09:29

Mer om