OFS foto OFS
SKAL HENTE PENGAR: OFS Norge har kontor og anlegg mellom Måløy og Raudeberg. Foto: OFS Norge.
Kort fortalt

Børsdagen: Testar interesse for landbasert oppdrett

Seks landbaserte oppdrettsselskap er notert på Oslo Børs. Ut frå kursutviklinga deira er det ikkje råd å spå korleis det vil gå med OFS Norge-emisjonen.

25.09.2025

Det vesle, landbaserte oppdrettselskapet OFS Norge ved Måløy er ute for å hente inn pengar gjennom ei kapitalutviding - utanom børs. Målet er 100 millionar kroner, etter å ha henta inn over 60 millionar kroner i fjor.

Plane er å gjennomføre kapitalutvidinga i fjerde kvartal, og hente inn minimum 75 millionar kroner, ifølgje selskapet.

Resultatet vil gi ein peikepinn om interessa for landbasert oppdrett, men det er vanskeleg å spå om utfallet. 

I løpet av åra 2018-2021 vart seks  landbaserte oppdrettselskap notert på Oslo Børs; Nordic Aqua Partners, Gigante Salmon, Salmon Evolution, Andfjord Salmon, Proximar SeafoodBioFish Holding og Atlantic Sapphire. 

Sidan årskiftet 2024/2025 har aksjekursene i desse selskapa utvikla seg vidt forskjellig, frå Nordic Aqua Partners sitt kurshopp på over 20 prosent til Proximar Seafood sitt fall på over 70 prosent.  Fire av seks selskap har hatt negativ kursutvikling i år.

Børstabell for Nordvestlandet: 

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,40 -9,33 %
Atlantic Sapphirekr                   7,40 -5,01 %
Endúrkr                84,20 -1,41 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,50 -2,01 %
Hav Groupkr                   6,90 1,47 %
Havila Kystrutenkr                   1,30 1,56 %
Havila Shippingkr                   1,34 -1,83 %
Hexagon Compositeskr                12,04 -5,20 %
Hexagon Puruskr                   1,83 11,72 %
Hofseth Biocarekr                   1,75 0,00 %
Tinde Sparebankkr              122,02 0,02 %
Salmon Evolutionkr                   5,26 -1,13 %
Sparebanken Mørekr              105,40 -0,49 %
   

Publisert: 25.09.2025 15:55

Sist oppdatert: 25.09.2025 17:19

Mer om