Ronny Magne Almenning foto Ogne
NY RUNDE: Ronny Magne Almenning og medinvestorane i OFS Norge skal fylle på kassa til det landbaserte oppdrettsanlegget. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil hente 100 nye millionar

OFS Norge med nye kapitalinnhenting, etter å ha henta 60 millionar kroner i fjor.

25.09.2025

OFS Norge er eit landbasert oppdrettselskap med anlegg mellom Måløy og Raudeberg.

I fjor henta selskapet inn 60,6 millionar kroner i ei kapitalutviding gjennom folkefinansieringsplattforma Dealflow. Kapitalinnhentinga starta i slutten av 2023, men nådde minstemålet først i mars 2024. 

I september i fjor sa styreleiar og medeigar Ronny Magne Almenning til Nett NO  at dei skulle gjennomføre ei kapitalutviding til.

- Vi kjem til å gå ein runde til i kapitalmarknaden, sa han.

Den har selskapet no starta på, skriv nettavisa Ilaks.

Inntil 100 millionar
Denne gangen er meklarselskapet Norne Securities engasjert for å få inn pengane. Målet er 100 millionar kroner i ny eigenkapital.

– No er vi klare til å ekspandere raskt og med lav risiko, seier Almenning til Ilaks.

Selskapet hadde opphavleg planar om å produsere laks fram til slakting, men Almenning fortalde i fjor at planane var endra til å drette opp såkalla postsmolt. Det er fisk som er klar for å settast ut i oppdrettsanlegg i sjøen, men som først har fått vakse seg større i anlegg på land. Ved å gjere det på denne måten kortar oppdrettarane ned tida laksen går i sjøen og aukar dermed kapasiteten i sjøanlegga.

Over 255 eigarar
OFS Norge omfatta det heileigde datterselskap OFS Måløy og det majoritetseigde datterselskapet Ontec.

Under OFS Norge-paraplyen blir det drive både oppdrettsproduksjon og teknologiutvikling.

Etter kapitalinnhentinga gjennom Dealflow i fjor passerte OFS Norge over 250 aksjonærar.

Berre ti av dei har meir enn to prosent eigarandel. Største eigar er Ronny Magne Almenning sitt selskap, RMA Invest (27,3 prosent). AH Gruppen i Andenes i Vesterålen eig 22,9 prosent, og er nest største eigar. Johan Oksholen i Ålesund sitt selskap, Noas Invest, eig 10,2 prosent og er tredje største eigar ifølgje databasen proff.no.

Prisfall
I august var lakseprisen nede i under 60 kroner kiloen, etter å ha falle frå over 100 kroner kiloen frå starten av 2025. (I september er den opp ei over 70 kroner kiloen, ifølgje laksebørsen Fishpool).

Prisfallet har ikkje vore gunstig for emisjonsplanane, vedgår Almenning til Intrafish.

"Vi skulle selvsagt ønsket at lakseprisene var høyere. Imidlertid er det underliggende for oss en lønnsom produksjon av postsmolt. Dette vil bidra til redusert dødelighet og økt produksjon i sjøfasen for norske fiskeoppdrettere, som vil være våre kunder", seier han til avisa.

OFS Norge as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt4,59,2
Driftsresultat-5,3-2,0
Resultat før skatt-8,7-5,0
   
OFS Måløy as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt2,42,2
Driftsresultat-6,6-7,5
Resultat før skatt-6,7-11,8
   
Ontec as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt0,13,6
Driftsresultat-7,2-16,9
Resultat før skatt-12,4-19,7

Publisert: 25.09.2025 08:46

Sist oppdatert: 25.09.2025 08:46

Mer om