Kort fortalt

Børsen starta i pluss

Opp etter kraftig fall.

21.09.2021

(NPK-NTB): Dagen etter ein av dei verste børsdagane i år, starta Oslo Børs med ein oppgang på nesten 0,9 prosent dei første fem minutta. Hovudindeksen låg på 1.124 poeng.

Måndag vart ein av dei verste børsdagane i år, der hovudindeksen stansa på 1.114,32 poeng. Det var ned 2,35 prosent.

Nedgangen på måndag kan mellom anna forklarast med den kinesiske Evergrande-kollapsen, der krisa i Kinas største eigedomsselskap bidrog til fall i den globale børsmarknaden.

Tysdag starta derimot med oppgang på Oslo Børs. Etter fem minutts handel låg hovudindeksen på 1.124 poeng, noko som var ein oppgang på 0,89 prosent.

(©NPK)

Publisert: 21.09.2021 09:23

Sist oppdatert: 21.09.2021 09:24

Mer om