Bøtelagde for manglande koronatest
Tre av fem var smitta.
(NPK-NTB): Fem polske menn, av dei tre som viste seg å vere smitta, har fått 10.000 kroner i bot for å ha unngått å ta koronatest då dei kom til Noreg 4. januar.
Dei fem kryssa grensa ved Svinesund før dei reiste til ein bustad i Sande kommune, skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding. Kommunens smittesporingsteam avdekte den manglande testinga 12. januar.
– Denne saka er ein klar illustrasjon på kor viktig det er at testen blir gjennomført innan den fastsette fristen. Det viste seg nemleg at tre av dei fem var smitta, seier politifullmektig Tom Berntsen.
Dei fem har fått ein omsett versjon av førelegget, men har ikkje teke standpunkt til om dei vil vedta det.
(©NPK)
Publisert: 05.03.2021 13:50
Sist oppdatert: 05.03.2021 13:51