Kort fortalt

Campingbedrift til sals

Drivaren av Geiranger-eigedom vil pensjonere seg.

05.12.2023

Fossen Camping i Geiranger er til sals me ei prisantyding på 18 millionar kroner, ifølgje Sunnmørsposten.

Eigedommen har to bustadhus, 14 hytter, resepsjon, låve, garasje. Her har Tor Arne Grande og kona Anne Britt Selsvik drive utleige av feriebustader i snart 30 år.

– Det var far min som starta med campinghytter her på 1960-talet. Eg tok over i 1994, seier Grande til avisa.

Han vil no bli pensjonist og reknar med det skal gå greitt å selje. Han fortel at dei har hatt auke år for år, og hatt ope nesten heile året.

Publisert: 05.12.2023 12:30

Sist oppdatert: 05.12.2023 12:30

Mer om