Kort fortalt

Cecilie Myrseth ny næringsminister

Tek over etter Jan Christian Vestre.

19.04.2024

NPK-NTB: Jan Christian Vestre blir helseminister etter Ingvild Kjerkol. Cecilie Myrseth blir næringsminister, medan Marianne Sivertsen Næss blir fiskeriminister.

Det opplyser regjeringa i ei pressemelding.

Vestre (Ap) kjem frå jobben som næringsminister. Det blir Myrseth (Ap) frå Troms som overtek etter han. Sivertsen Næss (Ap) frå Finnmark er eit nytt fjes i regjeringa og kjem frå rolla som leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Dei tre vart presenterte på Slottsplassen etter eit ekstraordinært statsråd på slottet fredag.

Vestre tek over etter Kjerkol
Etter at Ingvild Kjerkol (Ap) måtte gå av som helse- og omsorgsminister etter plagiat-saka, måtte Støre endå ein gong stokke korta, og det er altså Vestre som tek over som helseminister.

Fiskeriminister Myrseth tek over etter Vestre som næringsminister, medan Marianne Sivertsen Næss går inn som fiskeriminister etter Myrseth.

Statssekretær Tore O. Sandvik held fram som statssekretær for Myrseth i Næringsdepartementet.

Endringane trer i kraft fredag klokka 16.

Næss nytt ansikt
Næss er det nye ansiktet i regjeringa. Ho har sete som stortingsrepresentant for Finnmark.

Næss vart valt inn på Stortinget i 2021 og har leidd energi- og miljøkomiteen. Den nye fiskeriministeren har også vore Aps energi- og miljøpolitiske talsperson dei to siste åra.

Før ho kom inn på Stortinget, var Næss ordførar i Hammerfest frå 2019.

Publisert: 19.04.2024 15:49

Sist oppdatert: 19.04.2024 15:49