Kort fortalt

CO2-nivåa konstant over ny terskel

Rekordhøge målingar.

24.10.2016
(NPK-NTB): Verdas klimagassutslepp passerte ein ny symbolsk terskel i fjor med vedvarande CO2-konsentrasjonar på over 400 delar per million i atmosfæren.
CO2-nivåa har tidlegare vore over 400 delar per million (ppm) i enkelte månader og på nokre stader, men så høge konsentrasjonar har aldri før vore målt som eit gjennomsnitt globalt, skriv FN-organet World Meteorological Organization (WMO) i ein ny .
– Det er anslått at 2016 blir det første året luftmålestasjonen Mauna Loa på Hawaii gjennom heile året vil måle CO2-konsentrasjonar over 400 ppm, og ikkje gå under dette nivået på mange generasjonar, heiter det i rapporten. (©NPK)

Publisert: 24.10.2016 13:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43