Kort fortalt

Daglegvare auka med 17 prosent i fjor

Norgesgruppen meir dominerande.

NPK
18.02.2021

(NPK-NTB-Anders R. Christensen): Stengde grenser og få utanlandsreiser gjorde at omsetninga i norsk daglegvare auka med 30,5 milliardar - om lag 17 prosent i fjor. Norgesgruppen auka dominansen sin ytterlegare.

I alt omsette norske daglegvarebutikkar for 208,8 milliardar kroner i 2020, ifølgje Dagligvarerapporten til analyseselskapet NielsenIQ. Det er ein auke på 17,1 prosent frå 2019 då omsetninga var på 178,3 milliardar kroner.

Auken kjem etter at grensehandelen i 2020 stupte, mange serveringsstader vart haldne stengde, færre reiste utanlands og fleire måltid vart etne heime som følgje av heimekontor.

Noregs største daglegvaregruppering, Norgesgruppen, som mellom anna eig Kiwi, Meny og Joker, auka marknadsdelen sin med 0,4 prosentpoeng og hadde ved årets utgang 44,1 prosent av daglegvareomsetninga i Noreg. Samtidig tapte konkurrenten Coop marknadsdelar i koronaåret. Coop gjekk ned 0,1 prosentpoeng og hadde 29,3 prosent av marknaden. Rema 1000 enda på 23,2 prosents marknadsdel, noko som er uendra frå 2019.

(©NPK)

Publisert: 18.02.2021 09:56

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:53

Mer om