Kort fortalt

Daglegvarekjeder i oppvaskmøte

Konkurransetilsynet bekymra for to ting.

30.01.2023

(NPK-NTB): Konkurransetilsynet har kalla inn både daglegvarekjeder og leverandørar til møte etter å ha reagert på varslingane i bransjen om stort prishopp på matvarer.

Konkurransedirektør Tina Søreide seier det er to ting som bekymrar henne:

– Det eine er korleis bransjen har kommunisert prisaukane på førehand. Vi har fleire gonger åtvara mot at prissignal i media i seg sjølv kan vere prisdrivande. Og det andre er sjølve innretninga, der dette blir forhandla om i to vindauge, seier Søreide til Dagens Næringsliv.

Bransjen har dei siste månadene varsla fleire gonger om auka prisar frå 1. februar.

Ho seier dei valde å kalle inn bransjeaktørar til møte for å bli forsikra om at «dei forstår kvifor det kan vere problematisk» – og samtidig åtvare om at prissignala i verste fall kan bryte konkurranselova.

– Det er ikkje opplagt ulovleg, men det kan uansett virke konkurransehemmande, og vi har derfor bede aktørane om å unngå det, seier Søreide.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har tidlegare bede tilsynet sjå på utsegnene frå bransjen.

(©NPK)

Publisert: 30.01.2023 18:07

Sist oppdatert: 30.01.2023 18:09

Mer om