Kort fortalt

Daglegvarekjeder tapte klagesak om milliardgebyr

Aktørane tek saka inn for retten.

21.08.2025

(NPK-NTB): Coop, Norgesgruppen og Rema 1000 må betale milliardgebyr i den såkalla prisjegersaka, stadfestar Konkurranseklagenemnda.

Konkurransetilsynet gav i august i fjor dei tre gigantane i norsk daglegvarebransje 4,9 milliardar kroner i gebyr for brot på konkurranselova. Saka vart klaga inn for nemnda, som kom med avgjerda si torsdag morgon.

– Konkurranseklagenemnda har, til liks med Konkurransetilsynet, funne at Coop, Norgesgruppen og Rema 1000 samarbeidde ulovleg frå 2011 til 2018 om prisinnhenting ved bruk av prisjegerar, heiter det i ei pressemelding frå nemnda.

I avgjerda blir det påpeika at priskutt rett og slett vart mindre freistande på grunn av prisjakta, medan prisaukar vart meir freistande. Samla gav dette ifølgje nemnda eit press mot eit høgare prisnivå.

– At konkurrentar sjekkar prisane til kvarandre, er verken unaturleg eller ulovleg. Denne saka handlar likevel ikkje om prisinnhenting i seg sjølv, men om samarbeid om prisinnhenting, heiter det vidare.

Dei tre aktørane meiner prisjegerane tvert imot har ført til større konkurranse mellom kjedene, ikkje mindre. Dei har for lengst varsla at dei vil ta saka inn for rettsapparatet, heilt til Høgsterett om nødvendig.

Få minutt etter kunngjeringa kom Norgesgruppens anke over Konkurranseklagenemndas avgjerd.

– Vi står framleis på det vi har sagt heile tida: Vi meiner saka burde vore lagd bort i sin heilskap tidlegare. Vi meiner Konkurranseklagenemnda tek feil, og vi har allereie vedteke å anke dette vidare i rettssystemet, seier konsernsjef Runar Hollevik i Norgesgruppen.

Coop og Rema 1000 følgde raskt etter. Coop Norge skriv i pressemeldinga si at dei skal gå grundig gjennom Konkurranseklagenemndas grunngiving. Uansett skal avgjerda ankast inn for lagmannsretten.

Leiar for næringspolitikk Kårstein Eidem Løvaas i Reitan Retail stadfestar at dei også ankar.

– Prisinnhenting er ein del av sunn konkurranse i alle bransjar og ein føresetnad for at vi kan levere på kundeløftet vårt om å ha dei lågaste prisane, seier Løvaas.

Konkurransetilsynet varsla først i desember 2020 at dei ville gi dei tre store aktørane gebyr på til saman 21 milliardar kroner på grunn av mistanke om at avtalen mellom partane om å gi tilgang for prisjegerane til konkurrentane kunne utgjere ulovleg samarbeid.

Det kom etter at dei gjennomførte ein rassia hos aktørane i 2018.

Tilsynet varsla så i 2024 at gebyra ville bli kraftig reduserte, fordi den mest alvorlege skuldinga om prissamarbeid vart droppa. Først vart dei skulda for at prisjeger-samarbeidet hadde eit klart konkurranseavgrensande formål, før skuldinga vart endra til at samarbeidet har klart konkurransehemmande verknad.

Publisert: 21.08.2025 11:00

Sist oppdatert: 21.08.2025 11:00

Mer om