Kort fortalt

Den norske krona styrkjer seg

Betre utvikling enn alle G10-valutaene.

28.05.2024

(NPK-NTB): Den norske krona har styrkt seg jamt og trutt den siste månaden mot alle G10-valutaene.

Aller mest har krona styrkt seg mot lågrentevalutaer, som sveitserfrancen og japanske yen. Ein euro og ein dollar blir tysdag morgon notert til 11,39 og 10,47. Det er høvesvis ni og elleve øre lågare enn for eit døgn sidan, og heile 46 og 64 øre lågare enn toppen 30. april.

Den importvegne krona er no litt over éin prosent sterkare enn Noregs Banks anslag for andre kvartal, etter å ha vore tre prosent svakare enn anslått rundt månadsskiftet.

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets skriv i morgonrapporten tysdag at Noregs Banks renteinnsats for å halde krona oppe, for slik å få draghjelp nedover på inflasjonen, ser ut til å bere frukter.

At Noregs Bank framleis ikkje er venta å kutte renta før i desember, ser ifølgje Haugland ut til å ha vekt interessa for å kjøpe norske kroner mot svenske kroner.

(©NPK)

Publisert: 28.05.2024 08:48

Sist oppdatert: 28.05.2024 08:48

Mer om