Desse vegane blir planlagt vidare i år
Vegvesen planlegg færre prosjekt.
Sjå fylkesoversikt under saka
Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen, meiner det er naturleg at arbeidet med kommunedelplanar og reguleringsplanar for ein del vegprosjekt går ned i takt med utbyggingstempoet. Han legg vekt på at ingen vegprosjekt er lagde bort for godt.
– Mindre pengar til planlegging betyr at vi vil bruke noko lengre tid på å planleggje ferdig, seier utbyggingsdirektøren.
Planleggingsprogrammet til Statens vegvesen vart presentert etter at NTP for perioden 2022–2033 var lagt fram.
– Dette skal vere eit dynamisk dokument som blir oppdatert i tråd med endra føresetnader, og det ser vi behov for no, seier han.
Etter at statsbudsjettet for 2023 vart vedteke har Vegvesenet bestemt at dei no i større grad skal bruke eigne tilsette i staden for innleigde konsulentar i planleggingsarbeidet. Samtidig held fram Vegvesenet arbeidet med det faglege grunnlaget for ny Nasjonal transportplan for perioden 2025-2036, som Regjeringa vil leggje fram våren 2024.
Prosjekta det blir jobba vidare med i Møre og Romsdal i 2023:
- E39 Volda – Furene
- E39 Bjerkeset – Astad
- E39 Sulafjorden
- E39 Vartdalsfjorden
- E39 Halsafjorden
- E39 Ålesund – Ørskogfjellet (Møreaksen/Eksportvegen)
- Rv. 15 Strynefjellet
Prosjekta det blir jobba vidare med i Rogaland og Vestland i 2023:
- E39 Smiene – Harestad
- Rv. 426 Eigerøy bru (Gamle Eigerøyveien – Hovlandsveien)
- E39 Ådland – Svegatjørn (Hordfast)
- E39 Vågsbotn – Klauvaneset (del av Ringvei aust)
- E39 Klakegg – Byrkjelo
- E39 Storehaugen – Førde
- E39 Fjordkryssing Bjørnafjorden
- E39 Fløyfjelltunnelen sør – oppgradering
- E39 Fløyfjelltunnelen nord
- E39 Byrkjelo – Sandane
- E39 Bokn – Hope
- E39 Fjøsanger – Kristianborg Sykkelstamveg Bergen delstrekning 4
- E39 Nesttun – Fjøsanger – Sykkelstamveg Bergen delstrekning 3 Vossabanen
- E39 Fabrikkgaten – Solheimsgaten – Arm av delstrekning 5, sykkelstamveg Bergen
Publisert: 17.02.2023 15:05
Sist oppdatert: 17.02.2023 15:08