Vurderinga samsvarer også med dei førebelse rettslege vurderingane Noreg gjorde då direktivforslaget vart lagt fram, skriv FriFagbevegelse.
– Eg er svært tilfreds med at EU-kommisjonen vurderer direktivet som ikkje EØS-relevant. Det er i samsvar med vurderinga til departementet, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) i ei pressemelding.
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik meiner at lønnsdanning gjennom tariffavtalane har tent det norske samfunnet godt.
– Det er ikkje det same behovet for ei nasjonal minstelønn i Noreg. Då er det gledeleg at EU-kommisjonen har stadfesta at Noreg ikkje er forplikta til å ta inn minstelønnsdirektivet i EØS-avtalen. Dermed blir det ikkje norsk lov, seier Følsvik.
Publisert: 27.10.2022 04:06
Sist oppdatert: 27.10.2022 04:08