Kort fortalt

Detaljhandelen ned tre prosent i 2023

Butikkhandel drog ned på slutten av året.

26.01.2024

(NPK-NTB): Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at detaljhandelen gjekk ned 0,9 prosent frå november til desember.

For heile 2023 var det ein nedgang på 3,0 prosent samanlikna med 2022.

– Detaljhandelen avslutta 2023 med ein nedgang på 0,9 prosent frå november til desember, viser tal for sesongjustert omsetningsvolum. Næringa som bidrog mest til nedgangen, var butikkhandel med andre hushaldsvarer i spesialforretningar, med mellom anna møblar og byggjevarer som trekte ned. I tillegg trekte også butikkhandel med sportsutstyr ein del ned i desember, seier seniorrådgivar Marius Bergh i SSB.

Etter rekordhøg omsetning i detaljhandelen under koronapandemien har omsetningsvolumet i detaljhandlane falle i tida etter det, opplyser SSB.

Publisert: 26.01.2024 08:16

Sist oppdatert: 26.01.2024 08:16

Mer om