Kort fortalt

DNB trur renta fell fram mot jul – i 2024

Rentetoppen er nådd, trur DNB Markets' analytikarar. Dei trur Noregs Bank vil la styringsrenta stå i desember, men at vi framleis har ein bit igjen til ho fell.

30.11.2023

– Utsiktene for norsk økonomi er noko svakare no enn vi la til grunn tidlegare i haust, skriv DNB Markets i morgonrapporten sin.

Dette fører truleg også til at prisveksten – og lønnsveksten – vil falle noko raskare enn ein tidlegare trudde. Dermed trur dei at den «hårfine balansen» for Noregs Bank før renteavgjerda i desember vippar i retning av at dei lèt styringsrenta stå stille i desember. Samtidig påpeikar DNB at det er svært usikkert.

– Om vi får rett, er rentetoppen også nådd her heime, før første rentekutt kjem mot jula 2024, skriv banken.

Publisert: 30.11.2023 10:43

Sist oppdatert: 30.11.2023 10:43