Kort fortalt
Dobbel ferjekontrakt til Florø-verft
Skal bygge for Fjord1.
27.07.2021
(NPK-NTB): Verftet Westcon Yards i Florø har inngått ein kontrakt på to ferjer med Fjord1.
Ferjene tek 120 bilar kvar, og kontrakten har ein samla verdi på 200 millionar kroner, skriv Firda.
Oppdraget går ut på at ferjene, MF Glutra og MF Fannefjord, skal byggjast om frå gassdrift til elektrisk drift. Desse ferjene skal gå på samband i Nordland.
(©NPK)
Publisert: 27.07.2021 14:32
Sist oppdatert: 27.07.2021 14:38