Hanne Cecilie og Jon Ragnvald Sporsheim i Juvikprodukt foto Ogne
VEKST: Hanne-Cecilie og Jon Ragnvald Sporsheim i Juvikprodukt satsar på klar-til-bruk-produkt av silda. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Dobling for Juvikprodukt

Suksess med sild.

05.06.2024

I løpet av av to år har nisjebedrifta Juvikprodukt på Gossen i Aukra kommune auka driftsinntektene frå 2,5 til 5,3 millionar kroner.

Selskapet sine spekesild og kryddersild er ferdig utvatna, og pakka i forbrukarpakningar. Det er berre å ta den med heim, klippe opp, bruke ei av oppskriftene på pakken eller på nettet og servere.

– Sild skal bli kvardagsmat, enkel kvardagsmat for forbrukarane, sa medeigar Hanne-Cecilie Sporsheim til Nett No tidlegare i år. Ho og broren, Jon Ragnvald, er tredje generasjon som foredlar sild på Gossen.

Juvikprodukt as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt5,34,3
Driftsresultat0,10,2
Resultat før skatt0,10,1

Publisert: 05.06.2024 09:00

Sist oppdatert: 04.06.2024 19:35