Taper terreng på heimebane
Nordmenn et mindre og mindre fisk. Kler fiskerinasjonen Noreg dårleg meiner Sjømatråd-sjefen.
Fiskerinæringa som samlast til årsmøte i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt tysdag har hatt suksess i eksportmarknaden, men har tapt terreng på heimebane.
I handlingsplanen for betre kosthald frå 2017 sette Helsedirektoratet eit mål om å få opp det norske forbruket av fisk med 20 prosent. Fasit blei eit fall på 13 prosent.
– Det kler oss dårleg som verdsmeister i sjømateksport, seier administrerande direktør Christian Chramer i Norges Sjømatråd om utviklinga i den norske marknaden.
I år skal Sjømatrådet bruke 30 millionar kroner for å få nordmenn til å ete meir fisk.
– Vi har aldri brukt så mykje, seier Chramer om den norske satsinga i år.
Satsar på sild
Juvikprodukter, ei lita nisjebedrift på Gossen i Aukra kommune, vil gjere sitt for å snut trende og få nordmenn til å legge meir fisk på tallerkenen.
Selskapet sine spekesild og kryddersild er ferdig utvatna, og pakka i forbrukarpakningar. Det er berre å ta den med heim, klippe opp, bruke ei av oppskriftene på pakken eller på nettet og servere.
– Sild skal bli kvardagsmat, enkel kvardagsmat for forbrukarane, seier medeigar Hanne-Cecilie Sporsheim. Ho og broren, Jon Ragnvald, er tredje generasjon som foredlar sild på Gossen.
Prissensitiv
Kategorisjef Kenneth Martin for sjømat i Norgesgruppen seier dei no registrerer at prisauken på fisk slår ut på etterspørselen.
Norgesgruppen omfattar mellom anna butikkjedene Kiwi, Meny, Joker og Spar, og er samla største norske aktør i daglegvaremarknaden.
– Det er ganske kraftig ned på fersk laks, seier Martin om etterspørselsutviklinga.
Martin understrekar at Norgesgruppen på ingen måte vil trappe ned fiskesatsinga. Tvert i mot - men satsinga blir tilpassa etterspørselen.
Andre, og rimlegare, fiskeprodukt er i vekst. Det er produkt som fiskepudding, fiskekaker og fiskepinnar.
- Vi har veldig god vekst, seier Martin om desse produkta,. Det slår mellom anna ut i meir å gjere for Insulakonsernet sin fabrikk i Gjerdsvika på Sunnmøre.
Salsuke med priskutt
Martin si vurdering er at fiskerinæringa har greidd å utvikle produkt som gjer det meir fristande å plukke med seg fisk frå handledisken og enklare å tilberede den heime. Det som gjeld med dagens prisar, er å ha nok av dei rimlegare produkta.
Kiwi, ei av kjedene i Norgesgruppen, sette i fjor haust ned prisen på sjømatprodukt tilsvarande momsen i ein periode. Den kampanjen auka salet med 48,4 prosent for kjeda.
Konkurrentane Rema og Coop kasta seg på med eigne kampanjar, slik at salet av fisk samla sett steig med 25 prosent i perioden, ifølgje Norges Sjømatråd.
Manglar kunnskap
Ein rapport frå forskingsinstituttet Nofima i fjor konkluderte med at unge vaksne er utrygge på korleis dei skal lage eit fiskemåltid, og at fisk er den maten dei er mest utrygge på å lage. Det gjer at dei et mindre fisk.
Knappe tusen personer i aldersgruppa 18-35 år vart spurt, og Nofima fann ein samanheng mellom kunnskap og forbruk. Dess meir du kan om å lage fiskemåltid, dess oftare et du fisk.
Forskarane peikar på at smak og pris også påverkar fiskeforbruket, men ville kartlegge om, og i kor stor grad, kunnskapen om å lage mat slo ut.
I den tryggaste enden er rettar som pizza, taco og pasta. I den utrygge enden er fiskefilet generelt, og vegetarmiddag og torskefilet spesielt.
Generasjonskille
Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved universitetet Oslomet undersøkte i 2018 kva faktorar som forklarar kvifor norske forbrukarar ikkje et meir fisk og sjømat.
Den undersøkjinga viste mellom anna eit klart generasjonskille. Dei eldste et mest fisk, dei yngste minst.
– Når vi ikkje forbrukargruppen opp til 50 år, vil nedgangen i fiskeforbruket fortsette, sa ein av forskarane bak undersøkjinga, Annechen Bahr Bugge, til universitets si nettside.
Publisert: 13.02.2024 05:00
Sist oppdatert: 13.02.2024 12:34