Dobling for robotstrikking
3D Knitting & Technology investerer for vekst.
Sykkylven-selskapet har bestilt si tredje maskin for 3D-stikking og ventar å passere fem millionar kroner i driftsinntekter i år. Det skal løfte resultatet over på pluss-sida for selskapet, som blei etablert i 2018.
Strikkerobotane til 3D Knitting & Technology driv med såkalla 3D-strikking. Det betyr at dei mellom anna kan strikke til dømes genserar og jakker ferdig til bruk rett frå maskina. Maskinene kan også strikke fomtilpassa møbelstoff, noko Ekornes-konsernet allereie har tatt i bruk i sin produksjon.
Per i dag er produksjon av prototypar hovedinntekstkjelda til selskapet.
Bak 3D Knitting & Technology står 20 eigarar, med selskapa Amatech, Ekornes og Flakk Gruppen som dei tre største.
3D Knitting & Technology as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 2,6 | 2,3 |
Driftsresultat | -0,3 | 0,4 |
Resultat før skatt | -0,6 | 0,2 |
Publisert: 14.06.2024 12:06
Sist oppdatert: 14.06.2024 12:06