Frå Japan til Sykkylven for å lære vekk strikking
Chiharu Kiyohara er ekspert på 3D-strikking. No har han flytta til Sykkylven for å hjelpe selskap med å ta i bruk og utvikle teknologien.
Med 3D-strikkemaskiner kan du til dømes strikke ein genser i eitt stykke. Den kjem ferdig til bruk ut av maskina, som til dømes hettegenseren Kiyohara har på seg på biletet, med hette med løpegang, lommer, mønster og tekst.
Teknologien kan mellom anna gjere det råd å flytte produksjon heim frå lavkostland, fordi den gjer produksjonen mindre arbeidskraftkrevjande. Den opnar også opp for nye måtar å produsere møbelstoff på.
Ekornes har allereie slike maskiner, og er også ei av fem bedrifter som er med på første prosjektet Kiyohara skal arbeid med. Dei andre i projektet er strikkeplaggprodusenten Nansen by Devold, møbelprodusenten LK Hjelle, og strikkeplaggprodusentane Oleana i Arna og Iis of Norway på Jæren.
Tek med familien
Kiyohara har arbeidd for japanske Shima Seiki i 14 år. Jobben har vore å samarbeide med kundane til 3D-maskinprodusenten om korleis dei skal bruke maskinene og teknologien. Mellom anna har han arbeidd med korleis prosessen frå idé til ferdig produkt kan går raskare.
Denne veka er han på plass i verkstaden til 3D Knitting & Technology i Hjellegjerdebygget i Sykkylven. Så snart formalitetane er i orden kjem familien etter.
Kiyohara kom til Sykkylven for to år sidan, på oppdrag hos Ekornes. Både oppgåvene, folk, landskap og kultur fall så mykje i smak at det freista å flytte hit på permanent basis.
3D-strikkemaskiner har vore på marknaden i over 20 år, men var i starten så krevjande å bruke at dei var til avgrensa nytte. No er teknologien og maskinene utvikla så langt at mange kan ta den i bruk, men kunnskapen om korleis dei skal brukast er framleis sjeldan vare.
Kartlegge
Målet til 3D Knitting & Technology er å utvikle kompetansen til å ta i bruk og utvikle teknologien, både til tekstilindustri og og annan industri i heile landet. Teknologien blir allereie brukt til å lage sko, og det blir og arbeidd med å ta i bruk andre material, som metall, glas- og karbonfiber.
Jobben til Kiyohara er i første omgang å besøke alle bedriftene som er med i det første prosjektet for å kartlegg korleis dei kan ta teknologien i bruk.
Bak 3D Knitting & Technology står 18 eigarar, med selskapa Møbelkraft, Ekornes og Flakk International som dei tre største. (Flakk International er ein del av Flakk Gruppa, som og omfattar Nansen by Devold ). På eigarsida er og automatiseringselskapet Amatec, Sandellafabrikken og Sykkylven Stål.
Kortreist
Kiyohara ser ei rekkje fordelar med strikketeknologien, ut over at den opnar for å legge produksjon nær der kundane er, til dømes Noreg. Det reduserer transportbehovet, som betyr mindre energibruk og betre spart tid.
Den gjere det råd å få fordelen av ein automatisert produksjon også for små seriar, samstundes som det er raskt å produsere meir. For ein klesprodusent betyr det mellom anna redusert risiko for å brenne inne med ein stor overproduksjon om plagget ikkje slår an. I første omgang kan det bestillast eit mindre parti, og så etterbestille om det blir suksess.
Betre samsvar mellom produksjon og etterspørsel gir mindre avfall.
Mindre avfall blir det og av sjølve strikkemetoden. Et tradisjonelt møbelstoff skal tilskjærast før sying. Det blir det avskjær av. Med strikking blir det ikkje materiale til overs.
Publisert: 14.10.2021 11:14
Sist oppdatert: 15.10.2021 10:56