Kort fortalt

Dobling i endring på skattekorta

Rentehopp er truleg årsaka.

07.09.2023

(NPK-NTB): Så langt i år har omtrent 700.000 personar gjort endringar i skattekortet sitt, noko som er dobbelt så mange som i 2022.

No oppmodar Skatteetaten særleg personar med fastrentelån til å sjekke skattekortet nøye.

Divisjonsdirektør Regine Hatleskog Vastvedt i Skatteetaten seier at det i år er spesielt viktig å sjekke rentene i skattekortet. Skatteetaten har teke høgd for at renta aukar kraftig frå 2021 til 2023, og for dei fleste vil desse estimata vere korrekte.

– Men viss du har fastrente, kjøpt eller seld bustad, nedbetalt gjeld eller fått lågare renteutgifter av andre grunnar, kan det hende at estimatet i skattekortet ikkje stemmer, seier Vastvedt.

(©NPK)

Publisert: 07.09.2023 08:14

Sist oppdatert: 07.09.2023 08:14

Mer om