Kort fortalt

Dramatisk auke i talet på dataangrep

Datatilsynet åtvarar om at fleire bedrifter blir råka.

23.04.2025

(NPK-NTB): Talet på tilsikta digitale angrep mot norske verksemder, som har ført til brot på personopplysningstryggleiken, har auka med 39 prosent frå 2023 til 2024.

Ifølgje Datatilsynet blir metodane stadig meir avanserte, automatiserte og alvorlege.

– Det speglar dessverre den trusselsituasjonen som omgir norske verksemder. Aktørar nyttar teknologi som også er heilt ny for mange av oss teknologar og som krev spesialkompetanse for å forstå, seier seksjonssjef for teknologi, tryggleik og tilsyn Kristine Stenbro i Datatilsynet til Altinget.

Det siste året har det også komme teknologi som gjer at angriparar kan omgå to-faktor-autentisering.

– Teknologien for å omgå dei nyaste vernetiltaka blir utvikla så fort at sjølv rettleiingsaktørar som oss slit med å gi ut oppdatert rettleiing raskt nok, seier Stenbro.

Til saman vart det i fjor meldt om 305 angrep til Datatilsynet. Det er ein auke frå 219 året før. Offentleg sektor toppar statistikken.

Steinbro er særleg bekymra for kommunar og fylkeskommunar, som slit med å få på plass gode mekanismar for å stoppe angrepa.

Avdelingsdirektør for strategisk IKT og digitalisering i interesseorganisasjonen til kommunane (KS) Asbjørn Finstad meiner det trengst sterkare nasjonal innsats for å sikre kommunesektoren.

Han etterspør auka ressursar, betre verktøy og tydelegare nasjonale føringar.

– Digital tryggleik i nokre kommunar er personavhengig. Det er ikkje ein berekraftig modell i møte med stadig meir komplekse truslar, seier Finstad.

(©NPK)

Publisert: 23.04.2025 16:38

Sist oppdatert: 23.04.2025 16:38

Mer om