Kort fortalt
Droppar lakseemisjon
Ingen tilleggsemisjon for Salmon Evolution.
10.05.2023
Lakseoppdrettaren Salmon Evolution planla ein emisjon på 6,5 millionar nye aksjar til 7,70 kroner aksjen etter at selskapet lukkast å hente inn 525 millionar kroner i ein retta emisjon i midten av april. Selskapet viser til at aksjekursen no ligg under emisjonskursen, slik at dei som ønsker aksjar har hatt høve til det, og til ein lavare kurs enn emisjonskursen.
Tysdag slutta kursen på 6,87 kroner aksjen etter at selskapet har hatt problem med gjellesjukdom ved anlegget på indre Harøy.
Publisert: 10.05.2023 03:41
Sist oppdatert: 10.05.2023 03:43