Kort fortalt

Droppar planane om portforbod

Regjeringa legg lovforslaget i skuffen.

NPK
17.02.2021

(NPK-NTB): Regjeringa droppar å leggje fram eit lovforslag om portforbod for Stortinget. Det stadfestar justisminister Monica Mæland (H) overfor NRK.

– Det er vår oppfatning at vi ikkje har bruk for portforbod som tiltak. Vi meiner likevel at det var riktig å greie ut dette, i ein usikker situasjon, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) til NRK.

Forslaget vart lagt ut på høyring 8. januar i år.

Justisdepartementet fekk over 1.400 høyringsinnspel. Dei aller fleste var vore kritiske til forslaget.

Publisert: 17.02.2021 09:17

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:53

Mer om