Kort fortalt

Droppar skjerpingar i offentleglova

Regjeringa har gått gjennom høyringssvara.

20.09.2023

(NPK-NTB): Etter å ha gått gjennom meir enn 3400 svar til regjeringsforslaget om endringar i offentleglova, har dei vedteke å ikkje stramme inn i lovverket.

– Vi har lytta til innspela, og basert på desse finn ikkje regjeringa grunnlag for å gå vidare med saka, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

I mars la regjeringa fram eit høyringsforslag om endringar i offentleglova. Forslaget gjekk ut på å innføre eit tillegg til offentleglova §14 første ledd for å klargjere at føresegna også gir tilgang til å gjere unntak frå innsyn i informasjonen i journalen om organinterne dokument.

– For Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering er det viktig å hegne om demokratiet og gjennomsiktigheit i forvaltninga. Vi set pris på det store engasjementet i denne saka. Etter høyringsrunden meiner vi det er rett å skrote forslaget, seier Mehl.

Publisert: 20.09.2023 19:48

Sist oppdatert: 20.09.2023 19:48

Mer om