Kort fortalt

Droppar sommarreklame

Satsar på vinterturisme i staden.

20.09.2016
(NPK): 2016 har vore så bra for turistnæringa på Vestlandet at reiseselskapet Fjord Norge no reduserer sommarreklamen neste år. Ein vil heller satse på vinterturistane.
– I juni, juli og august er det nærmast fullt mange stader. Enkelte stader går salet av seg sjølv, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge til NRK.
Destinasjonsselskapet Fjord Norge marknadsfører dei fire vestlandsfylka, men no skal dei ikkje bruke så mykje pengar på å selje irgrøne fjordlandskap i glitrande sol.
– Frå neste år driv vi ikkje særleg marknadsføring av Vestlandet som sommardestinasjon, seier Jørgensen.
Han vil i staden dreia merksemda over på heilårsturisme og Noreg som vinterdestinasjon. Framover blir det haustfargar og puddersnø som gjeld. Sommarbileta på internett og i utanlandske reisekatalogar skal tonast ned.
– Vi vil styrkje satsinga på opplevingar i skuldersesongane, og endre måten vi visualiserer fjordane på. Vi vil gå vekk frå dei tradisjonelle bileta av norsk natur.
Jørgensen trur ikkje det blir vanskeleg å selje snø og kulde. Han trur det tvert om kan verka forlokkande på turistar frå varmare strok. (©NPK)

Publisert: 20.09.2016 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44