Kort fortalt

Droppar søksmål etter Helge Ingstad-ulykka

Noreg ville saksøke DNV for 15. mrd.

27.05.2021

(NPK-NTB): Forsvarsdepartementet saksøkte selskapet DNV for 15 milliardar kroner etter Helge Ingstad-ulykka. No blir søksmålet trekt, stadfestar Regjeringsadvokaten.

Bakgrunnen er Havarikommisjonens rapport frå april, melder NRK.

Staten meinte at selskapet DNV, som godkjende fregatten, burde oppdaga ei svakheit med propellakslingane på skipet, der vatn fossa inn etter kollisjonen, men i rapporten blir denne teorien tilbakevist.

Her kjem det fram at dei vasstette skotta i fregatten ikkje vart lukka då mannskapet evakuerte, slik prosedyren var.

Havarikommisjonen meiner at skipet kunne ha halde seg flytande og vorte redda dersom dette hadde vorte gjort.

Onsdag sende departementet brevet til Oslo tingrett om at dei trekkjer søksmålet.

– Rapporten gav viktige avklaringar, seier regjeringsadvokat Ole Ringstad til NRK.

Forsvarsdepartementet grunngir det slik i brevet:

– Etter ei heilskapsvurdering basert på det som er komme fram gjennom Havarikommisjonens arbeid og staten sine eigne undersøkingar, har Forsvarsdepartementet vedteke å fråfalle søksmålet. Saka skal etter dette blir heva.

Fregatten Helge Ingstad og TS Sola kolliderte natt til 8. november 2018 ved Stureterminalen i Øygarden i Hordaland.

Publisert: 27.05.2021 13:17

Sist oppdatert: 27.05.2021 13:19

Mer om