Kort fortalt

- Du får vaksine eller covid

Det meiner ekspert.

23.06.2021

Dei som ikkje tek koronavaksine, kjem til å bli smitta, seier immunolog Anne Spurkland. Ho seier viruset ikkje blir borte med det første.

– Anten får du vaksine eller covid. Det er det som er valet. Viss du ikkje tek vaksinen, får du covid før eller sidan, det er ganske sikkert, seier Anne Spurkland, som er professor og immunolog ved Universitetet i Oslo til VG.

Ho seier smitten ikkje kjem til å bli borte med det første.

– Det er ikkje sikkert dei kjem til å merke nokon symptom. Kanskje har dei slutta å bruke munnbind og å halde avstand. Slik blir det smitta vidare, seier Spurkland.

Rundt 2,2 millionar nordmenn er vaksinerte med første dose av koronavaksine i Noreg, medan nesten 1,5 million har fått andre dose.

Avisa skriv at så lenge det finst ein del som ikkje er vaksinerte eller er immune, vil det framleis vere spreiing av viruset, til liks med influensaviruset som sirkulerer kvart år.

Publisert: 23.06.2021 09:36

Sist oppdatert: 23.06.2021 09:37

Mer om