Kort fortalt

Dyr reform

Gram: Kommune- og regionreforma kosta over 3,2 milliardar kroner.

17.01.2022

Kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) vart spurd av ein partikollega kor mykje kommune- og regionreforma har kosta. Svaret: over 3,2 milliardar kroner.

– Departementet har ikkje ei samla oversikt over kostnadene til kommunane, fylkeskommunane og andre offentlege aktørar i samband med reformene. Svaret mitt er derfor avgrensa til direkte utbetalingar frå det dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet i samband med reformene, skriv Gram i svaret.

Det var Opplands-representanten Marit Knutsdatter Strand (Sp) som stilte det skriftlege spørsmålet. Ho meiner svaret viser ei stor kostnadsside, men at det likevel er større kostnader ved å halde fram med storfylka enn ved å løyse dei opp.

– Eg representerer Oppland på Stortinget og meiner dette området er stort, rikt og variert nok til også å vere ein eigen fylkeskommune, seier Strand til Kommunal rapport.

Publisert: 17.01.2022 16:07

Sist oppdatert: 17.01.2022 16:08