Kort fortalt

Dårleg effekt av pressestøtte

Gir ikkje meir dekning av lokalpolitikk.

11.11.2019
NPK-NTB: Pressestøtta til lokalaviser har ikkje gitt betre journalistisk dekning av lokalpolitikk, ifølgje ein ny studie.
Det er heller storleiken på redaksjonen som avgjer i kva grad lokalaviser dekker den lokale politikken, viser studien publisert av tidsskriftet Nordicom ved Göteborgs universitet.
Fleire norske medieforskarar har analysert til saman 800.000 nyheitsartiklar frå 2015 til 2017. Dei har konkludert med at pressestøtta ikkje gir betre dekning av lokalpolitikk, sjølv om det er målet med støtta.
Studien peikar likevel på at pressestøtta indirekte kan forbetre mengda av politisk rapportering, om den gjer til at lokale redaksjonar blir større.
− Politisk dekning er eit ressursspørsmål, og større redaksjonar har derfor meir lokalpolitikk i nyheitsdekninga. Fordi større aviser òg har høgare publiseringsfrekvens, med fleire utgåver i veka, kan dei følgje dei lokalpolitiske prosessane nærare, seier medieforskar Helle Sjøvaag i ein kommentar til studien.

Publisert: 11.11.2019 10:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32