Kort fortalt

Dårleg tilstand for mange vogntog

Kvart tredje vogntog Vegvesenet stansar får bruksforbod.

23.09.2021

Nær 30 prosent av alle dei tunge køyretøya som har vorte stansa til og med 31. august i år, har fått bruksforbod i etterkant.

Eit køyretøy kan få bruksforbod om det manglar forsikring eller ikkje ha gjennomgått EU-kontroll eller det kan ha alvorlege feil og manglar. Andre årsaker kan vere at køyretøyet er selt, men ikkje omregistrert hos Statens vegvesen.

Statistikken viser òg at over 1.000 sjåførar er melde til politiet hittil i år – like mange som i heile fjor. Over 6.500 har fått gebyr, skriv NRK.

Administrerande direktør i Norges Lastebileier-forbund Geir A. Mo seier statistikken viser kor viktig Vegvesenets kontrollar er.

– Dessverre er det altfor mange som framleis har tekniske feil på utstyr og last, noko som fort kan utgjere ein trafikktryggleiksrisiko. I tillegg kjem feil vi ikkje ser, som køyre- og kviletid, lønn og andre arbeidsvilkår, seier han til rikskringkastaren.

Publisert: 23.09.2021 08:11

Sist oppdatert: 23.09.2021 08:12